5 Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy!
6 Og han skal betala firdobbelt for lammet fordi han gjorde dette og var så hjartelaus.»
7 Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.
8 Eg gav deg huset til herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels hus og Judas hus. Og om det var for lite, ville eg ha lagt til både det eine og det andre.
9 Kvifor har så du forakta Herrens ord og gjort det som vondt er i hans auge? Hetitten Uria har du drepe med sverd. Du lét ammonittane drepa han, og kona hans tok du og gifte deg med.
10 Frå no skal sverdet aldri vika frå ditt hus, sidan du har forakta meg og teke kona åt hetitten Uria.
11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå ditt eige hus. Eg vil ta konene dine beint for auga dine og gje dei til ein annan mann. Han skal liggja med dei midt på lyse dagen.