1 Ei tid etter hende dette: Absalom, son til David, hadde ei vakker syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i.
2 Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var jomfru.
3 Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab. Han var son til Sjima, bror til David. Jonadab var ein svært klok mann.
4 Han sa til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du er så nedfor kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.»
5 Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg kan få han av hennar eiga hand.»
6 Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei av hennar eiga hand.»
7 Då sende David bod heim til Tamar: «Gå til huset der Amnon, bror din, bur og lag mat til han!»