10 sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin.
11 Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12 Men ho svara: «Nei, bror! Krenk meg ikkje! Slikt gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje ei slik skammeleg handling!
13 Kvar skulle vel eg gjera av meg med skamma mi? Og du, du vil bli rekna mellom dei skamlause i Israel. Tal heller med kongen, for han vil nok ikkje nekta deg å få meg.»
14 Men han ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.
15 Då vart Amnon fylt av eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»
16 Ho svara: «Nei, bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den første du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.