16 Ho svara: «Nei, bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den første du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.
17 Han ropa på tenesteguten sin og sa: «Få henne ut herifrå og steng døra etter henne!»
18 Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19 Tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.
20 Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.
21 Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22 Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.