18 Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19 Tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.
20 Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.
21 Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22 Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.
23 To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24 Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?»