22 Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.
23 To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24 Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?»
25 Men kongen svara: «Nei, son min. Vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom prøvde å overtala han. Kongen ville ikkje koma, men velsigna han.
26 Då sa Absalom: «Om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med.» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»
27 Men Absalom overtala han til å la både Amnon og alle dei andre kongssønene vera med han.
28 Og Absalom gav dei unge mennene sine denne ordren: «Pass på når Amnon har vorte lystig av vinen. Då skal eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så drep de han. Ver ikkje redde! Det er eg som har gjeve dykk dette påbodet. Ver sterke og modige!»