28 Og Absalom gav dei unge mennene sine denne ordren: «Pass på når Amnon har vorte lystig av vinen. Då skal eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så drep de han. Ver ikkje redde! Det er eg som har gjeve dykk dette påbodet. Ver sterke og modige!»
29 Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då sprang alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30 Medan dei endå var på vegen, høyrde David rykte om at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31 Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg mot jorda. Og alle tenarane stod der med sundrivne klede.
32 Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til orde og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som er død. Dette har Absalom planlagt heilt frå den dagen Amnon krenkte Tamar, syster hans.
33 Bry deg ikkje om det når dei no seier at alle kongssønene er døde. For det er berre Amnon som er død.»
34 I mellomtida hadde Absalom rømt.Då vaktmannen såg opp, fekk han auge på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.