36 Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle tenarane sette òg i og gret.
37 Absalom flykta og fór til Talmai, son til Ammihur, kongen i Gesjur. Og David sørgde over sonen sin dag og natt.
38 Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.
39 Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over at Amnon var død.