6 Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei av hennar eiga hand.»
7 Då sende David bod heim til Tamar: «Gå til huset der Amnon, bror din, bur og lag mat til han!»
8 Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan han såg på, og ho steikte dei.
9 Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han. Men han ville ikkje eta. Amnon bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,
10 sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin.
11 Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12 Men ho svara: «Nei, bror! Krenk meg ikkje! Slikt gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje ei slik skammeleg handling!