8 Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan han såg på, og ho steikte dei.
9 Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han. Men han ville ikkje eta. Amnon bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,
10 sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin.
11 Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12 Men ho svara: «Nei, bror! Krenk meg ikkje! Slikt gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje ei slik skammeleg handling!
13 Kvar skulle vel eg gjera av meg med skamma mi? Og du, du vil bli rekna mellom dei skamlause i Israel. Tal heller med kongen, for han vil nok ikkje nekta deg å få meg.»
14 Men han ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.