1 Joab, son til Seruja, skjøna at kongen lengta etter Absalom.
2 Han sende bod etter ei klok kvinne frå Tekoa og sa til henne: «Lat som om du sørgjer! Kled deg i sørgjeklede og salv deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne som i lang tid sørgjer over ein som er død.
3 Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.
4 Kvinna frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp meg, konge!»
5 «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.