18 Kongen sa då til kvinna: «Svar meg sant på det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.
19 Kongen spurde: «Har Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kvinna svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma bort frå at det er slik min herre kongen seier. Det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som sjølv la alle desse orda i munnen på tenestekvinna di.
20 Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»
21 Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.»
22 Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»
23 Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.
24 Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.