20 Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»
21 Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.»
22 Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»
23 Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.
24 Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.
25 Så vakker ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprisa som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje feil ved han.
26 Ein gong i året vart håret hans så tungt at han måtte klippa det av. Og når han hadde gjort det, vog det to hundre sjekel etter kongens vekt.