5 «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.
6 Tenestekvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen der til å skilja dei. Då slo den eine til den andre og drap han.
7 No har heile slekta reist seg mot tenestekvinna di. Dei seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo broren i hel; så får vi med det same rydda arvingen av vegen. – Slik kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att, og ta frå mannen min både namn og etterkomarar på jorda.»
8 Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av saka for deg.»
9 Men kvinna frå Tekoa svara: «Min herre konge, eg og mitt hus skal bera skulda. Kongen og trona skal vera skuldfrie.»
10 Kongen sa: «Er det nokon som seier noko til deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»
11 Då sa ho: «Måtte kongen hugsa på Herren din Gud, så ikkje blodhemnaren valdar endå meir ulukke og sonen min blir drepen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal bli rørt på hovudet til sonen din.»