8 Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av saka for deg.»
9 Men kvinna frå Tekoa svara: «Min herre konge, eg og mitt hus skal bera skulda. Kongen og trona skal vera skuldfrie.»
10 Kongen sa: «Er det nokon som seier noko til deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»
11 Då sa ho: «Måtte kongen hugsa på Herren din Gud, så ikkje blodhemnaren valdar endå meir ulukke og sonen min blir drepen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal bli rørt på hovudet til sonen din.»
12 Då sa kvinna: «Lat tenestekvinna di få seia endå eit ord til min herre kongen.» «Ja», svara han.
13 Kvinna sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det kongen no sa, har han gjort seg sjølv skuldig, sidan kongen ikkje lèt han som er bortstøytt, koma tilbake.
14 Sanneleg, vi må alle døy. Vi er som vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv. Hans vilje er at den som er bortstøytt frå han, ikkje skal vera det lenger.