1 Ei tid etter fekk Absalom seg vogn og hestar og femti mann som sprang føre han.
2 Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, ropa Absalom på han og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hin av Israel-stammane,
3 sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hos kongen finst det ingen som høyrer på deg.»
4 Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til dommar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller ei sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»
5 Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.
6 Slik gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjartet til israelittane.