12 Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13 Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.»
14 Då sa David til alle dei mennene han hadde hos seg i Jerusalem: «Kom, lat oss rømma! På annan måte kan vi ikkje sleppa unna Absalom. Skund dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og slår byen med sverd.»
15 Kongsmennene svara: «Tenarane dine vil gjera alt vår herre kongen ønskjer.»
16 Så tok kongen ut til fots med heile sitt hus. Berre ti følgjekoner lét han vera att for å sjå etter kongeborga.
17 Kongen og heile hæren tok ut til fots. Dei stogga ved det siste huset.
18 Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.