14 Då sa David til alle dei mennene han hadde hos seg i Jerusalem: «Kom, lat oss rømma! På annan måte kan vi ikkje sleppa unna Absalom. Skund dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og slår byen med sverd.»
15 Kongsmennene svara: «Tenarane dine vil gjera alt vår herre kongen ønskjer.»
16 Så tok kongen ut til fots med heile sitt hus. Berre ti følgjekoner lét han vera att for å sjå etter kongeborga.
17 Kongen og heile hæren tok ut til fots. Dei stogga ved det siste huset.
18 Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.
19 Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din.
20 Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»