22 Då sa David til Ittai: «Så gå forbi, du òg!» Og Ittai frå Gat gjekk forbi med alle mennene sine og alle kvinnene og borna deira.
23 Alle gret høgt då hæren gjekk forbi. Kongen kryssa Kedron-bekken, og heile hæren gjekk forbi og tok vegen mot ørkenen.
24 No kom Sadok òg med alle levittane som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer heilt til heile hæren hadde fare ut av byen.
25 Kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste tilbake til byen. Finn eg nåde for Herrens auge, lèt han meg koma tilbake, så eg får sjå att både paktkista og staden der ho står.
26 Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»
27 Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Vend attende til byen i fred. Du og Ahimaas, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.
28 Eg skal venta attmed vadestadene i ørkenen til det kjem melding frå dykk.»