25 Kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste tilbake til byen. Finn eg nåde for Herrens auge, lèt han meg koma tilbake, så eg får sjå att både paktkista og staden der ho står.
26 Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»
27 Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Vend attende til byen i fred. Du og Ahimaas, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.
28 Eg skal venta attmed vadestadene i ørkenen til det kjem melding frå dykk.»
29 Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste tilbake til Jerusalem, og der vart dei verande.
30 David gjekk gråtande oppover Oljeberget, berrføtt og med tildekt hovud. Alle som var med han, hadde òg dekt hovudet og gjekk gråtande oppover.
31 David fekk høyra at Ahitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Ahitofels råd til skamme!»