34 Men går du tilbake til byen, kan du hindra Ahitofels planar for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.
35 Der har du òg prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongens hus, skal du melda til dei.
36 Begge sønene deira, Ahimaas, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»
37 Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.