7 Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og halda den lovnaden eg har gjeve Herren!
8 For då eg budde i Gesjur i Aram, gav tenaren din denne lovnaden: Fører Herren meg heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»
9 Kongen svara: «Far i fred!» Og Absalom fór straks til Hebron.
10 Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israel-stammane med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»
11 To hundre mann tok ut frå Jerusalem saman med Absalom. Dei var kalla ut og gjekk i god tru utan å ana uråd.
12 Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13 Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.»