13 Så gjekk David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi fjellsida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.
14 Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
15 I mellomtida var Absalom og heile hæren av israelittar komne til Jerusalem. Ahitofel var òg med.
16 No kom arkitten Husjai, venen til David, til Absalom og ropa: «Leve kongen! Leve kongen!»
17 Absalom sa til Husjai: «Er det slik du gjer godt mot venen din? Kvifor følgde du ikkje venen din?»
18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hos han vil eg halda meg.
19 Dessutan, kven er det eg går i teneste hos? Er det ikkje hos son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»