14 Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
15 I mellomtida var Absalom og heile hæren av israelittar komne til Jerusalem. Ahitofel var òg med.
16 No kom arkitten Husjai, venen til David, til Absalom og ropa: «Leve kongen! Leve kongen!»
17 Absalom sa til Husjai: «Er det slik du gjer godt mot venen din? Kvifor følgde du ikkje venen din?»
18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hos han vil eg halda meg.
19 Dessutan, kven er det eg går i teneste hos? Er det ikkje hos son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»
20 Då sa Absalom til Ahitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?»