2 Kongen sa til Siba: «Kva har du der?» Siba svara: «Esla skal kongefamilien ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for dei unge mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i ørkenen.»
3 Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil israelittane gje meg att kongedømet til far min.»
4 Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Måtte eg alltid ha din velvilje, min herre konge!»
5 Då kong David nådde fram til Bahurim, kom det ein mann ut av byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Medan han gjekk, forbanna han David.
6 Og han kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigsheltane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.
7 Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din mordar, du vonde menneske!
8 No gjev Herren deg att for alt blodet i Sauls hus. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No har ulukka ramma deg, din mordar!»