7 Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din mordar, du vonde menneske!
8 No gjev Herren deg att for alt blodet i Sauls hus. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No har ulukka ramma deg, din mordar!»
9 Då sa Abisjai, son til Seruja, til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna min herre kongen? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»
10 Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»
11 Og David sa til Abisjai og alle tenarane sine: «Når min son, mitt eige kjøt og blod, står meg etter livet, kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.
12 Kanskje Herren ser til meg i mi naud og vender forbanninga denne dagen til noko godt.»
13 Så gjekk David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi fjellsida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.