1 Sidan sa Ahitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.
2 Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem heile hæren som er hos han, til å rømma. Det er berre kongen eg vil drepa.
3 Sidan fører eg heile hæren tilbake til deg som når ei brur blir ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du er ute etter; resten av hæren får vera uskadd.»
4 Både Absalom og alle dei eldste i Israel tykte dette var eit godt råd.