1 Sidan sa Ahitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.
2 Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem heile hæren som er hos han, til å rømma. Det er berre kongen eg vil drepa.
3 Sidan fører eg heile hæren tilbake til deg som når ei brur blir ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du er ute etter; resten av hæren får vera uskadd.»
4 Både Absalom og alle dei eldste i Israel tykte dette var eit godt råd.
5 Men Absalom sa: «Send bod etter arkitten Husjai, så vi får høyra kva han òg har å seia.»
6 Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Ahitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»
7 Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Ahitofel har gjeve denne gongen.»