10 Sjølv ein krigar med hjarte som ei løve vil mista motet, for heile Israel veit at far din er ein helt, og at det er modige menn som er med han.
11 Difor gjev eg dette rådet: Lat heile Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Dra sjølv med dei i kamp!
12 Når vi så kjem over han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Ingen skal overleva, korkje han sjølv eller nokon av mennene som er med han.
13 Og trekkjer han seg tilbake til ein by, skal heile Israel slå reip om byen og dra han ned i elveleiet, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.»
14 Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet frå arkitten Husjai er betre enn rådet frå Ahitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet frå Ahitofel ikkje vart følgt. For Herren ville føra ulukke over Absalom.
15 Så sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Ahitofel hadde rådd Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva råd han sjølv hadde gjeve.
16 «Skund dykk, send bod til David!» sa han. «Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i ørkenen, men setja over elva straks! Elles er det ute både med kongen og alle dei som følgjer han.»