16 «Skund dykk, send bod til David!» sa han. «Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i ørkenen, men setja over elva straks! Elles er det ute både med kongen og alle dei som følgjer han.»
17 Jonatan og Ahimaas heldt seg ved Rogel-kjelda. Ei tenestejente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.
18 Men denne gongen var det ein unggut som fekk auge på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bahurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brønn i tunet, og den klatra dei nedi.
19 Kona i huset tok eit teppe og breidde over brønnopninga. Ho strødde korn oppå, så ingen kunne merka noko.
20 Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahimaas og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem.
21 Så snart dei var gått, kom Jonatan og Ahimaas opp or brønnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set fort over elva!» Så fortalde dei kva råd Ahitofel hadde gjeve.
22 David og alle som var med han, braut då opp og sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein einaste mann; alle hadde kome seg over elva.