18 Men denne gongen var det ein unggut som fekk auge på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bahurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brønn i tunet, og den klatra dei nedi.
19 Kona i huset tok eit teppe og breidde over brønnopninga. Ho strødde korn oppå, så ingen kunne merka noko.
20 Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahimaas og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem.
21 Så snart dei var gått, kom Jonatan og Ahimaas opp or brønnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set fort over elva!» Så fortalde dei kva råd Ahitofel hadde gjeve.
22 David og alle som var med han, braut då opp og sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein einaste mann; alle hadde kome seg over elva.
23 Då Ahitofel såg at rådet hans ikkje vart følgt, sala han eselet sitt og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Slik døydde Ahitofel, og han vart gravlagd i grava til far sin.
24 David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane.