26 Israelittane og Absalom slo leir i Gilead.
27 Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nahasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead.
28 Dei kom med sengeutstyr, skåler og kar, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bønner, linser,
29 honning, smør, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han, så dei fekk eta. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tørste i øydemarka.