24 Imedan sat David i portrommet. Vaktmannen på taket av porten gjekk over til bymuren. Der såg han utover og fekk auge på ein mann som kom springande åleine.
25 Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Kongen sa: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.
26 Då fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»
27 Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den første spring så likt Ahimaas, son til Sadok.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»
28 Ahimaas ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Velsigna er Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»
29 Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Ahimaas svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»
30 Kongen sa: «Gå til sides og vent der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.