26 Då fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»
27 Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den første spring så likt Ahimaas, son til Sadok.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»
28 Ahimaas ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Velsigna er Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»
29 Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Ahimaas svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»
30 Kongen sa: «Gå til sides og vent der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.
31 Med det same kom kusjitten og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.»
32 Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Kusjitten svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk den unge mannen!»