1 Joab fekk melding om at kongen gret og sørgde over Absalom.
2 Den dagen vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen sørgde over sonen sin.
3 Den dagen sneik mennene seg inn i byen slik folk snik seg bort i skam fordi dei har rømt frå krigen.
4 Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»
5 Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført skam over alle mennene dine, dei som i dag har berga både livet ditt og livet til sønene og døtrene, konene og følgjekonene dine.
6 Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du vist at du ikkje bryr deg om førarane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levd i dag og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.