15 Så gav kongen seg på heimveg, og han kom til Jordan. Judearane var alt komne til Gilgal for å ta imot han og føra han over Jordan.
16 Sjimi, son til Gera, som høyrde til Benjamin-stammen og var frå Bahurim, skunda seg nedover saman med judearane for å møta kong David.
17 Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Siba, som var i teneste i Sauls hus, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.
18 No sette dei over vadestaden for å hjelpa kongefamilien over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi, son til Gera, ned for han
19 og sa: «Herre, krev meg ikkje til rekneskap! Gløym, herre konge, det vonde tenaren din gjorde den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!
20 For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.»
21 Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»