19 og sa: «Herre, krev meg ikkje til rekneskap! Gløym, herre konge, det vonde tenaren din gjorde den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!
20 For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.»
21 Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»
22 Men David svara: «Kva har eg med dykk å gjera, Seruja-søner. Kvifor er de imot meg i dag? I dag skal ingen mann mista livet i Israel. For no veit eg at eg er konge over Israel.»
23 Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.
24 Mefibosjet, etterkomaren til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje stelt barten og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen drog bort og til han kom trygt tilbake.
25 Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»