27 I staden baktala han meg, herre konge. Men du er som ein Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.
28 For heile huset til far min har ikkje fortent noko anna enn døden av deg, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»
29 Kongen svara: «Du treng ikkje seia meir. Mitt ord er at du og Siba skal dela jordeigedomen.»
30 Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»
31 Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde følgt kongen til Jordan. Der ville han ta avskil med han.
32 Barsillai var ein gammal mann, åtti år. Det var han som hadde sytt for mat og drikke til kongen i Mahanajim, for han var svært rik.
33 Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hos meg i Jerusalem.»