3 Den dagen sneik mennene seg inn i byen slik folk snik seg bort i skam fordi dei har rømt frå krigen.
4 Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»
5 Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført skam over alle mennene dine, dei som i dag har berga både livet ditt og livet til sønene og døtrene, konene og følgjekonene dine.
6 Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du vist at du ikkje bryr deg om førarane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levd i dag og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.
7 Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å bli verande hos deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.»
8 Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han.Israelittane hadde rømt, kvar til sitt.
9 Då tok folket i alle Israel-stammane til å gå i rette med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarhand. No har han rømt landet for Absalom.