32 Barsillai var ein gammal mann, åtti år. Det var han som hadde sytt for mat og drikke til kongen i Mahanajim, for han var svært rik.
33 Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hos meg i Jerusalem.»
34 Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?
35 Eg er no åtti år gammal. Kan eg lenger skilja mellom godt og vondt? Kan tenaren din kjenna smaken på det han et og drikk? Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle så tenaren din vera til bry for deg, herre konge?
36 Tenaren din vil følgja kongen eit lite stykke over Jordan. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?
37 Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest.»
38 Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.»