38 Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.»
39 Heile hæren sette over Jordan. Og då kongen var klar til å gå over, kyste han Barsillai til avskil og velsigna han. Så fór Barsillai heim att.
40 Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket og halvparten av Israelsfolket følgde kongen over.
41 Men no kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har brørne våre, judearane, teke kongen og ført han og hans hus og alle Davids menn over Jordan?»
42 Då tok alle judearane til orde og svara israelittane: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levd på kongen eller hatt nokon føremon av han?»
43 Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor set de oss til sides? Var det ikkje vi som først tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane nytta endå hardare ord enn israelittane.