9 Då tok folket i alle Israel-stammane til å gå i rette med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarhand. No har han rømt landet for Absalom.
10 Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i krigen. Kvifor gjer de då ingenting for å henta kongen heim att?»
11 Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?
12 De er då brørne mine, av same kjøt og bein som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?
13 Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same bein og kjøt som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera min hærførar i staden for Joab.»
14 Slik vann han hjartet til judearane, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»
15 Så gav kongen seg på heimveg, og han kom til Jordan. Judearane var alt komne til Gilgal for å ta imot han og føra han over Jordan.