1 Sidan spurde David Herren om råd: «Skal eg dra opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, dra opp!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron», svara Herren.
2 Så drog David dit med dei to konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel.
3 Han tok òg med seg dei mennene som følgde han, kvar med sin huslyd. Og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.
4 Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Judas hus.Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,