10 Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David.
11 I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.
12 Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon.
13 Joab, son til Seruja, og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.
14 Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det», svara Joab.
15 Så reiste dei seg og gjekk fram. Det var tolv i talet frå kvar side, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet, son til Saul, og tolv av mennene til David.
16 Dei greip kvarandre i hovudet og stakk sverdet i sida på kvarandre, og slik fall dei alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Helkat-Hassurim, «Sverdegg-marka». Ho ligg ved Gibeon.