2 Så drog David dit med dei to konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel.
3 Han tok òg med seg dei mennene som følgde han, kvar med sin huslyd. Og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.
4 Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Judas hus.Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,
5 sende han bodberarar til dei for å seia: «Velsigna er de av Herren fordi de var gode mot Saul, herren dykkar, og gravla han.
6 Må Herren no visa dykk miskunn og truskap! Eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.
7 Ta då mot til dykk og ver modige menn! Saul, herren dykkar, er død, men no har Judas hus salva meg til konge over seg.»
8 Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.