23 Men han ville ikkje halda opp. Då støytte Abner spydskaftet inn i magen hans så det gjekk ut gjennom ryggen på han, og han fall om og døydde på staden. Alle som kom til den staden der Asael var fallen og døydde, stoppa opp der.
24 Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfølgja Abner. Då sola gjekk ned, var dei komne til Amma-haugen, som ligg beint imot Giah, på vegen til ørkenen ved Gibeon.
25 Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug.
26 Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?»
27 Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket først i morgon ha slutta å forfølgja brørne sine.»
28 Så bles Joab i hornet, og alt krigsfolket hans stoppa. Dei forfølgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.
29 Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim.