24 Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfølgja Abner. Då sola gjekk ned, var dei komne til Amma-haugen, som ligg beint imot Giah, på vegen til ørkenen ved Gibeon.
25 Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug.
26 Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?»
27 Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket først i morgon ha slutta å forfølgja brørne sine.»
28 Så bles Joab i hornet, og alt krigsfolket hans stoppa. Dei forfølgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.
29 Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim.
30 Då Joab hadde halde opp med å forfølgja Abner, samla han krigsfolket. Forutan Asael mangla det nitten av mennene til David.