6 Må Herren no visa dykk miskunn og truskap! Eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.
7 Ta då mot til dykk og ver modige menn! Saul, herren dykkar, er død, men no har Judas hus salva meg til konge over seg.»
8 Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.
9 Der gjorde han Isjbosjet til konge over Gilead, Asjer og Jisreel, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.
10 Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David.
11 I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.
12 Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon.