8 Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.
9 Der gjorde han Isjbosjet til konge over Gilead, Asjer og Jisreel, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.
10 Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David.
11 I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.
12 Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon.
13 Joab, son til Seruja, og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.
14 Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det», svara Joab.