1 No var det ein vondsinna mann der som heitte Sjeba, son til Bikri frå Benjamin. Han bles i hornet og sa:«Vi har ingen del i David,ingen lut i Isai-sonen.Kvar mann til sitt telt, Israel!»
2 Då skilde alle israelittane lag med David og følgde Sjeba, son til Bikri. Men judearane heldt seg til kongen sin og følgde han frå Jordan til Jerusalem.
3 Då David var komen heim til Jerusalem, tok han dei ti følgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei i forvaring. Han sytte for det dei trong, men han gjekk ikkje inn til dei. Dei sat innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.
4 Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»
5 Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.
6 Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba, son til Bikri, til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg tenarane til herren din og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss.»
7 Mennene til Joab, kretarane og pletarane og alle krigarane følgde han. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba, son til Bikri.